Tom Roger Aadland

Mann med mørk dressjakke og hatt foran lys murvegg

Forestillinger

Henter programmet

Opplev ein magisk konsert med Tom Roger Aadland på Notodden bibliotek!

Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste artistane i landet dei siste åra. Hausten 2023 gir han ut sitt tiande album, med tittelen «Skyer». Det er ein oppfølgjar til albumet «Motgift» (2021), som har hausta strålande kritikkar. «Landets fremste Dylan-tolker leverer noen knallåter på egen hånd», skriv Aftenposten. Vårt Land kallar albumet «en hestekur mot likegyldighet og overfladiskhet». Dagsavisen meiner «det hadde vært på sin plass at Bob Dylan spilte inn disse sangene på engelsk». Klassekampen omtalar albumet som «det beste Aadland noen gang har gjort».

I desse dagar er Aadland aktuell med singelen «September», ein duett med Kine Nesheim. Han har hatt ei rekkje låtar spelelista på norsk radio, og mange har nok høyrt songar som «Alle dei i ei», «Min beste ven på ein dårleg dag» og «Like til mi dør». Dylan-gjendiktingane hans gjer suksess på Det Norske Teatret i framsyninga «Vikla inn i blått». Dobbeltalbumet «Blondt i blondt» blei kåra til årets album av P1 Norsk på norsk då det kom ut. Han er også kjent som tekstforfattar for Hellbillies, Vamp og Marion Ravn.

Aadland sine Dylan-gjendiktingar har treft mange, og då den nye biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan tolka av Aadland det musikalske ønsket hennar og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Han var også blant dei utvalde artistane i ein NRK-sendt TV-konsert då Dylan fylte åtti. Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen.

Foto: Thomas Mortveit